FØLG OSS PÅ VEGEN MOT EIT NYTT VERDSARVSENTER!
Urnes stavkyrkje, som har stått på UNESCO si verdsarvliste sidan 1979, er eit av dei mest verdfulle kulturminna i landet og juvelen i krona mellom dei kulturhistoriske eigedomane til Fortidsminneforeininga.
Miljødirektoratet autoriserte Urnes som verdsarvsenter i oktober 2019 med planar for bygginga av eit nytt besøkssenter. Bygget skal bidra til at ambisjonar og mål for formidling og aktivitetar knytte til det å oppleve verdsarven blir realiserte fullt ut, og til å styrkje den lokale forankringa og verdiskapinga. Senteret er nøkkelen til ein berekraftig turisme som sikrar stavkyrkja inn i framtida. Følg oss på vegen dit!