TREETS MEISTER – EI TRESKJERARUTFORDRING ETTER 1000 ÅR

Nordportalen og resten av skurden på Urnes er mellom dei mest ikoniske og best kjende bygningselementa i landet og var svært viktige for innskrivinga på Unesco si verdsarvliste. I innskrivingsteksten står det om treskurden: «The outstanding quality of the carved décor of Urnes is a unique artistic achievement.» No skal det lagast ein kopi av nordportalen. Kopien skal bli ein sentral del av utstillinga i det nye verdsarvsenteret. Vil treskjerarane i dag klare å kopiere den meisterleg utskorne portalen?

Etter tre år med arbeid kunne dei tre treskjerarteama samlast på Ornes i september 2024 for å setje saman delane til den ferdige portalen. Eit eineståande FOU-prosjekt på immateriell kulturarv var ved vegs ende. 

Ei stor takk til Miljødirektoratet, Vestland fylke, Bergesenstiftelsen og Riksantikvaren for tildeling av midlar til prosjektet. 

 

Blogg Treets mester

TUSEN ÅR GAMMALT HANDVERK SKAL KOPIERAST

Portalen kjem frå ei kyrkje som blei bygd kring 1070, og han blei brukt opp att i den kyrkja som står i dag, som blei bygd 60 år seinare. Urnes-stilen har fått namn etter portalen, som er særs avansert både formmessig og teknisk. Urnesportalen er eit ikonisk verk, ikkje berre i kunsthistoria, men òg som treskjerarkunst. For å sikre, formidle og byggje opp under verdsarvverdiane som ligg i treskurden, er det starta ein prosess for å få skore ut ein prosessuelt autentisk kopi av portalen og døra. Dette tyder at det skal lagast ein kopi som er så lik originalen som råd, men som òg er laga med same typen verktøy, material og handverksteknikkar.

STORE KRAV TIL TRESKJERARANE

Prosessen med å skjere ut ein prosessuelt autentisk kopi vil stille store krav til fagmiljøet, og fleire må samarbeide for at dette skal lukkast. Det er avgjerande at materialane som blir brukte er eigna og av same type som materialane i den gamle portalen, som no er 900 år gammal. Det er krevjande berre å finne material av rett kvalitet, og det krev planlegging og samarbeid mellom fagmiljøa. Samstundes vil dette føre til at ein får ny kunnskap om kyrkja og portalen som ein seinare kan formidle.

ARBEIDET VIL HA FLEIRE MÅL:

  • å lage ein kopi som skal vere sentral i det komande verdsarvsenteret, der besøkande skal kunne sjå, oppleve og interagere med portalen
  • å avlaste originalen for å sikre at ein held seg innanfor tolegrensene
  • utvikling av kunnskapen om material, verktøy og handverksteknikkar
  • å setje handverkskunnskapen inn i ein kontekst av annan kunnskap om kyrkja og treskurden
  • å gjere portalen meir kjend og meir tilgjengeleg i eit breiare perspektiv

SAMARBEID GJER MEISTER

Foreininga vil søkje samarbeide med dei ulike treskjerarmiljøa i Noreg, miljø som jobbar med historiske verktøy og handverksteknikkar, og meir tverrfaglege miljø på områda mellomalderen, arkitektur og kyrkjekunst. Arbeidet med portalen deles mellom fleire utførande treskjerarbedrifter. Dette er mogleg fordi portalen er sett saman av tre delar, pluss døra. På denne måten vil både kunnskapen som blir henta inn, og merksemda om Urnes sine eineståande universelle verdiar (OUV-ar) og arbeidet bli spreidde til eit større publikum.

PORTALKOPIEN SOM EI TAKTIL OPPLEVING OG KUNNSKAPSKJELDE

Portalen vil bli eit viktig opplevingsobjekt i det nybygde verdsarvesenteret, og han vil òg fungere som ei kopling mot kyrkja. Utskjeringane og ornamentikken i Urnes stavkyrkje kan inspirere nye generasjonar av handverkarar og formidle handlingsboren informasjon om eigenskapane til treet og treskjeringstradisjonane, samstundes som dei kan inspirere publikum til eiga skaparkraft.