KUNNSKAP OG UTVIKLING

Forskarar og kunnskapsinstitusjonar har interessa og auga retta mot Urnes, og dette gjev oss spanande ny kunnskap om stavkyrkja. Nye metodar blir tekne i bruk for å finne nye svar. Ikkje-destruktive metodar for å undersøkje treverk kan påvise spor av fargepigment, medan 3D-skanning av treskjeringa gjev oss digitale kopiar som let seg formidle på spektakulært vis. Ei internasjonal forskargruppe har vigd prosjektet «Revisiting Urnes» til utskjeringane på stolpehovuda i kyrkja. I tillegg har ei nyare forskingsoppgåve dokumentert flaggermusene sine besøk i kyrkja og korleis etterlatenskapane deira har brote ned treverket ved ein av stavane.

Stavkyrkjeforskar Linn Willetts Borgen, som i 2020 tok ph.d.-graden i kunsthistorie med avhandlinga «Stave Church Architecture as Sacred Memory: Technique, Materiality and Community in Medieval and Early Modern Norway», er tilsett i Fortidsminneforeininga.

 

3D-skanning av kapitela og nordportalen. På oppdrag frå Fortidsminneforeininga har Kulturhistorisk museum gjort ei 3D-skanning av utskjeringane på alle kapitela. Med støtte frå Riksantikvaren har Fortidsminneforeininga gjeve Kulturhistorisk museum oppdraget med å gjere ei 3D-skanning av den berømte nordportalen. Dette materialet er tenkt til dokumentasjon, forsking og formidling.

Sjå film frå skanninga av nordportalen:

 

 

Flaggermus og skadar på treverket. Kunsthistorikar og avdelingsleiar ved Norsk Institutt for Kulturminneforskning (NIKU), Kjersti Ellewsen, har forska på skadar frå flaggermus-urin i masteroppgåva «Salt damage around a bat roost at Urnes stave church». Denne forskinga var inspirasjonen bak Fortidsminneforeininga sin barnemaskot, flaggermusa Fortimus.

 

«The Urnes Project» - eit internasjonalt forskingsprosjekt. Forskargruppa, som blir leia postdoc. Margrethe Syrstad Andås ved NTNU, består av ti forskarar frå Europa og USA. Prosjektet ser på ikonografien på nordportalen og motiva som er skorne ut på stolpehovuda i interiøret. Les mer om The Urnes Project.

 

Artikkelen «Luksus i Luster», som blei publisert i Fortidsminneforeininga si årbok for 2017, blei skriven av Margrethe C. Stang, førsteamanuensis i kunsthistorie ved NTNU med skulptur og måleri i mellomalderen som forskingsfelt og leiar av hovudstyret til Fortidsminneforeininga. Artikkelen handlar om den noverande Urnes-kyrkja slik den stod fram i sine glansdagar, frå bygginga på 1130-talet fram til tidleg på 1200-talet, og legg vekt på det dekorative utstyret og inventaret, altså kyrkjekunsten. Korleis kan vi forstå byggverket, utsmykkinga og inventaret som eit samla uttrykk? Les artikkelen "Luksus i Luster".

Europeisk samarbeid om bevaring og formidling av kulturminner. Urnes stavkyrkje tek del i eit internasjonalt prosjekt i lag med verdsarvstaden Kalwaria Zebrzydowska i Polen. Namnet på prosjektet er «Heritage of the sanctuary of Kalwaria Zebrzydowska on the UNESCO trail.» Prosjektet ligg under kulturprogrammet til Det Europeiske økonomiske samarbeidsområdet og EØS-midlar.

Hovudføremålet med samarbeidet er å forbetre handtering av kulturminne, med eit underliggjande mål om istandsetting og revitalisering.

Målet med prosjektet er restaurering og istandsetting av 8 klosterbygningar og 3 kapell, samt å utvikle eit kulturelt program og omvising i dei nyrestaurerte bygga.

Urnes stavkyrkje si oppgåve er å utdanne og instruere omvisarar og lokalbefolkning og gje råd basert på erfaring frå drift av verdsarvstad retta mot kulturell turisme.

Prosjektet skal dele erfaringar rundt bevaring av kulturarv basert på UNESCO-verdiane og støtte leiar i implementeringa av prosjektet for å sikre best mogleg balanse mellom besøksdrift og vern.

Det er eit ynskje å heve publikums deltaking i kulturaktivitetar, styrke det økonomiske potensialet i kommunen og distriktet, samt utvikle eit mangfaldig kulturtilbod retta mot dei fastbuande og turistar.