KULTURMILJØET PÅ ORNES SOM EIN HEILSKAPLEG LÆRINGSRESSURS
Eplehagane er det første som møter besøkande når dei kjem til Urnes. Her finn vi eit samspel mellom naturen, kulturlandskapet og stavkyrkja. Naturen blir opplevd som nærverande og sterk i fjordlandskapet. Idé- og konseptskissa for Urnes verdsarvsenter understrekar at senteret skal møte besøkande slik Ornes møter dei. Det som er meint, er at interessa som naturen og landskapet vekkjer hos besøkande skal møtast og setjast inn i ei formidlings- og opplevingsramme der naturen blir ei kjelde til kunnskap heller enn ein kulisse rundt kulturminnet.
KULTURMINNE OG NATUREN SOM HEILSKAP
UNESCO understrekar kor viktig det er å sjå kultur- og naturarven i eit gjensidig perspektiv der gamle byggjeteknikkar og kulturhistoriske praksisar når det gjeld bruk av naturressursar er kjelder til kunnskap om berekraft. Dette gjev fleire faglege innfallsvinklar til den pedagogiske tilnærminga innanfor humaniora og naturvitskap.
«Culture and nature – two sides of the coin. This is because, at a fundamental level, biological and cultural diversities are closely interdependent. They have developed over time through mutual adaptation between humans and the environment, and therefore, rather than existing in separate and parallel realms, they interact with and affect one another in complex ways in a sort of co-evolutionary process.
For this reason, traditional and indigenous practices for the stewardship and use of environmental resources, including buildings techniques, are in general green ‘by design’. They embody an intrinsically more sustainable pattern of land use, consumption and production, contributing also to food security and water access, based on knowledge and practices developed over centuries of adaptation.»
Les meir på nettsida til UNESCO.
URNESHAGEN OG FN SINE BEREKRAFTSMÅL
Interessa for berekraftig jordbruk og matvareproduksjon er ein global trend som blir spegla av turistane sin trong for opplevingar. Senteret kjem til å kunne møte denne interessa med utandørsareal for opplevingar og kunnskap om frukt- og bærdyrking der det er lagt til rette for at besøkande kan ferdast. Det ligg ein gammal eplehage på tomta som er vald.
Dette gjev ei moglegheit for å realisere «Urneshagen» som eit område for opplevingar og kunnskap om fruktdyrking og berekraftig forvalting av naturressursar. Her kan ein ha formidling og aktivitetar som set fokus på den sårbare økologien, artsmangfald, kulturlandskap og berekraftig jordbruk og lokalsamfunn, og såleis bidra til FN sine berekraftsmål.