SAMARBEIDET

Lokal forankring og samarbeid er nøkkelord i arbeidet med verdsarven, og verdsarvrådet for Urnes stavkyrkje og det tilhøyrande området er eit samarbeidsorgan som jobbar med å ta vare på verdsarvverdiane og bidra til utviklinga av lokale tiltak rundt verdsarven. Riksantikvaren er den statlege parten i verdsarvarbeidet, og stavkyrkja blir forvalta i nært samarbeid med Riksantikvaren.

VERDSARVRÅDET FOR URNES STAVKYRKJE OG TILHØYRANDE OMRÅDE

Rådet seier i vedtektene at dei skal syte for godt samarbeid om oppfølginga av verdsarvstatusen som er i samsvar med:

  • Innskrivingsteksten
  • Intensjonane for verdsarvkonvensjonen
  • Retningslinjene for verdsarvkonvensjonen
  • Forvaltingsplanane for verdsarvminnet og tilhøyrande område

Verdsarvrådet skal støtte opp om ei positiv utvikling i tilhøyrande område til verdsarvminnet Urnes stavkyrkje som er i samsvar med intensjonen for verdsarv.

Verdsarvrådet skal arbeide med å løfte opp felles saker som gjeld både verdsarvminnet og områda omkring til aktuelle departement og andre samarbeidspartar.

Verdsarvrådet har som målsetjing å vere ein viktig arena for diskusjon, rådgjeving og avklaring i saker som kan ha verknad for oppfølginga av verdsarvstatusen som er tildelt Urnes stavkyrkje. Vidare skal rådet arbeide for ei positiv utvikling av omgjevnadene rundt Urnes stavkyrkje i tråd med intensjonane i innskrivinga, verdsarvkonvensjonen og Den europeiske landskapskonvensjonen.

Verdsarvrådet skal arbeide for å få etablert eit verdsarvsenter, lokalisert på Ornes. Fortidsminneforeininga skal realisere og drifte senteret. Innhaldet i og utviklinga av senteret blir fastsett i samarbeid med verdsarvrådet.

RÅDET SKAL HA DESSE MEDLEMMENE:

  • Ordførar/varaordførar i Luster kommune – leiar i rådet
  • Eitt medlem i Luster kommunestyre
  • Fylkesordførar/varaordførar i Vestland fylkeskommune
  • Fortidsminneforeininga – hovudadministrasjonen – nestleiar i rådet
  • Representant for samarbeidsgruppa for grendelaget på Sørsida
  • Representant for bygdelaget i Solvorn
  • Fortidsminneforeininga, Sogn og Fjordane-avdelinga

Desse blei inviterte til å vere observatørar i rådet:

  • Leiaren i Luster kyrkjelege fellesråd
  • Musea i Sogn og Fjordane/Sogn Folkemuseum DHS
  • Éin representant frå Riksantikvaren
  • Éin representant frå Vestland fylkeskommune
  • Éin representant frå Klima- og miljødepartementet

Observatørane har møte og talerett, men ikkje røysterett.

FORPROSJEKTGRUPPE FOR VERDSARVSENTERET

Det er etablert ei lokal forprosjektgruppe for verdsarvsenteret etter mandat frå verdsarvrådet. Generalsekretær i Fortidsminneforeininga, Ola H. Fjeldheim, leier gruppa. I denne gruppa sit representantar for Luster kommune, Vestland fylkeskommune, Bygdelaget på Sørsida, styret i Fortidsminneforeininga si Sogn og Fjordane-avdeling, dagleg leder ved Urnes stavkyrkje/verdsarvsenter og verdsarvkoordinatoren (som fungerer som sekretær for gruppa).

Forprosjektgruppa sitt mandat er å:

  • avklare formidlingskonsept og romprogram
  • avklare om senteret skal etablerast i eit eksisterande bygg eller nybygg
  • kome med framlegg til plassering av senteret med tanke på landskaps- og trafikkanalyse
  • greie ut investeringsbehov og kome med framlegg til finansiering
  • vurdere kva reguleringstiltak som trengst i samarbeid med Luster kommune

VERDSARVKOORDINATOR

I 2016 blei det oppretta ei fulltidsstilling som verdsarvkoordinator. Verdsarvkoordinatoren fungerer som sekretær for verdsarvrådet og har, saman med ei lokal arbeidsgruppe, ansvaret for å følgje opp og koordinere handlingsplanen, avgjerdene og prosjekta til rådet. Luster kommune har arbeidsgjevaransvaret for stillinga, som er finansiert av statlege tilskot gjennom Riksantikvaren.

Kontaktinformasjon:

Verdsarvkoordinator Anna Karoline Grytten Andersson
karoline. grytten@luster.kommune.no
Tlf: 90665882

SKJØTSELSSTILLING

Ein satsning på skjøtsel av kulturlandskapet rundt stavkirka har brakt med seg ein stilling som tek hånd om skjøtselsarbeide og som bidreg inn i Urneshage-prosjektet. 

Kontaktinformasjon: 

Morten Stensland Løwe morten.stensland.lowe@luster.kommune.no