VERDSARV FOR BORN

Historia om Fortimus, Fortidsminneforeininga sin barnemaskot, byggjer på ei sann historie om ei flaggermus av arten brunlangøyre som i 2017 tissa på treverket i Urnes stavkyrkje. Hendinga skapte mykje hovudbry for forskarar og alle som passar på at stavkyrkja blir teken vare på for framtida.

Fortimus-universet har lagt grunnlaget for aktivitetar og formidlingstilbod som ser kultur- og naturarv i samanheng. Det er utvikla med bakgrunn i FNs berekraftsmål 11.4 om å styrke innsatsen for å verne og sikre natur- og kulturarven i verda.

EIT ENGASJERANDE DILEMMA

Forskarar undersøkte om det kunne ha skadd treverket i den verdfulle kyrkja, og svaret dei fann var at både tiss og bæsj frå flaggermus hadde brote ned treverket ved ein av stolpane. Stavkyrkja er freda, men det er flaggermusa òg. Kva gjer ein med ei freda flaggermus som gjer skade i ein freda gammal bygning som til og med står på verdsarvlista til UNESCO?

FORTIMUS – FLAGGERMUSA MED SUPERVERNKREFTER BLIR TIL

Dette har blitt til historia om Fortimus og den gamle Urnesløva som vaknar til live då Fortimus tissar i kyrkja. Løva er ein streng og mystisk skapning, ein mantikora, som er skoren ut i eit av stolpehovuda inne i kyrkja.

Urnesløva, som er 900 år gammal, er som ei historiebok. Løva vaktar over alle dei gamle bygningane til Fortidsminneforeininga, men no byrjar den å bli litt sliten. Det er mange farar som trugar gamle bygningar, og løva treng ein hjelpar som kan flyge raskt frå stad til stad og passe på.

Fortimus lover at han og familien hans kan hjelpe Urnesløva. Flaggermus er glade i gamle hus, og dei er gode til å skremme folk. Men dei har òg ein annan god hjelpar, nemleg vikingbia frå Gaupne. Det er vikingbia som har løyndomen bak motet og kreftene til Fortimus. Dette har blitt til ei historie om kulturminne og naturen dei er ein del av.

EIN NYFIKEN TYPE PÅ OPPDRAG FOR URNESLØVA

Fortimus er ein nyfiken og spørjande type som undrar seg over gamle bygningar og historie. Han har øyre som er nesten like lange som kroppen, heng opp-ned etter tærne, flyg raskt i nattemørkeret og skrik i høge tonar som vi menneske ikkje kan høyre. Lydbølgjer gjer at han «ser» godt med øyra.

NASJONAL NAMNEKONKURRANSE

Flaggermusa frå Urnes fekk namnet Fortimus etter ein namnekonkurranse. Mange barn og vaksne kom med framlegg. Heile flaggermusfamilien fekk namna sine frå denne konkurransen. Alle saman heiter noko på F, sidan dei er Fortidsminneforeininga sine flygande vernevenner.

FORTIMUS I ENGA

Stavkyrkja ligg i eit gamalt kulturlandskap der menneske og natur har forma kvarandre gjennom hundreår. Det er restar av artsrike enger og spor etter historisk bruk av landskapet. Artsrike blomsterenger er på tilbakegang, og med det også dei mange insekta som held til der. Vi ønsker at barn skal lære å ta vare på artsmangfaldet og sjå kultur- og naturarven i ein heilskap. Vi har laga formidlingsheftet «Fortimus i enga» som blir brukt i formidlinga ved Urnes på Villblomedagen og i kulturmiljøvandringa i «Stille poesisti». 

LÆRINGS- OG OPPLEVINGSRESSURSAR FOR BORN

Sjå heftet «Urnesløva og Fortimus – flaggermusa med supervernkrefter». Les heftet på nynorsk her. Les heftet på bokmål her.

Bli med på ein 3D-tur i kyrkja. Sjå 3D-filmen her.