URNES TIL VERDA

URNES TIL VERDA – EI DIGITAL REISE TIL STAVKYRKJA

Heile verda kan ikkje kome til vesle Urnes stavkyrkje, men ein kan oppleve Urnes digitalt over heile verda. Som UNESCO-verdsarvstad er Urnes ein del av eit globalt fellesskap med universelle verdiar på tvers av alle landegrenser. Urnes skal difor vere ei kjelde til kunnskap og innsikt for alle – lokalt, nasjonalt og internasjonalt.

BEREKRAFTIG BESØKSDRIFT

Fortidsminneforeininga er oppteken av at besøk blir avvikla på ein berekraftig måte og innanfor tolegrensene til stavkyrkja, som skal bevarast i eit æveleg perspektiv som ei unik kjelde til kunnskap om fortida. Difor legg vi òg til rette for ikkje-reiste opplevingar. Arbeidet med å gje ei digital oppleving av stavkyrkja har starta, og meir vil kome på vegen mot eit verdsarvsenter i eit nytt bygg.

FORTIDSMINNEFOREININGA – EIN RESSURS FOR BEREKRAFT PÅ TIMEPLANEN

Som eigar av åtte av dei 28 stavkyrkjene i Noreg veit Fortidsminneforeininga mykje om berekraft. Vi veit at fortida har kunnskap for ei berekraftig framtid. Vi veit at gamle praksisar og godt handverk skal til for å bevare kulturminne. Vi veit òg at engasjement vernar kulturminne. Difor er vi opptekne av å gje barn og unge kunnskap og inspirasjon til å ta vare på kulturminne og naturen dei er ein del av. Då må dei bli kjende med kulturminne, og vi har laga læringsressursar som skulen kan bruke i det nye faget «berekraftig utvikling» som har blitt innført i grunnskulen.

Ta ein 3D-tur inn i stavkyrkja
Her kan du bevege deg rundt i denne fantastiske stavkyrkja og sjå på den rike utsmykkinga og det svært intakte interiøret. Sjå 3D-filmen her.

TETT PÅ DEI FANTASTISKE UTSKJERINGANE PÅ STOLPEHOVUDA

Kulturhistorisk museum har spisskompetanse på 3D-skanning og har på oppdrag frå Fortidsminneforeininga skanna utskjeringane på alle dei 18 stolpehovuda. Inne i stavkyrkja er desse utskjeringane høgt oppe, og lyset er dempa. Difor er det vanskeleg å danne seg eit godt bilete av dei. Her kan du sjå dei på nært hald i di eiga stove. Her kan du sjå eit døme.