PLANAR OG BYGGJEPROSESS

Det er lagt eit grunnlag for vegen mot eit verdsarvsenter gjennom ei overordna idé- og konseptskisse og autorisasjonssøknaden frå 2019. Det er òg gjort eit forarbeid for val av tomt i form av ein tomtestudie med skisse til romprogram for senteret. 

Dette resulterte i ein arkitektkonkurranse der vinnaren, «Urneskilen», blei kåra våren 2022. Senteret skal finansierast med midlar frå stat, fylke, kommune og ikkje-offentlege aktørar. Staten har i statsbudsjettet for 2024 bidratt med 5 mill. til detaljprosjektering av vinnarutkastet. Tysdag 1. oktober 2024 kom nyhende om at regjeringa set av totalt 53 millionar kroner til besøkssenter ved Urnes stavkyrkje. Ein gledens dag! Med bidraget til staten på plass kan det no bli ny giv i arbeidet. Verdsarvsenteret er på god veg!

FØREMÅL FOR URNES VERDSARVSENTER

  • Formidle verdsarven Urnes sine materielle og immaterielle eineståande universelle verdiar (OUV-ar) og området sine rike oppsluttande verdiar på ein dynamisk, reflekterande og involverande måte til eit lokalt, nasjonalt og internasjonalt publikum i alle aldrar
  • På ein inkluderande måte synleggjere dei universelle verdiane og dei brubyggjande eigenskapane til verdsarven på tvers av landegrenser
  • Sikre at besøksdrifta er i balanse med verdsarven si tolegrense og setje fokus på berekraft i forvaltinga av kulturarv og naturressursar i eit lokalt og globalt perspektiv
  • Bidra til lokal verdiskaping og utvikling basert på dei stadeigne kvalitetane gjennom medskapande og involverande arbeid

«VERDA INN I TUNET» – EI OVERORDNA IDÉ- OG KONSEPTSKISSE

Det er utvikla eit overordna idékonsept for Urnes verdsarvsenter som vi kallar «VERDA INN I TUNET». Berekraftig besøksavvikling i og rundt verdsarven Urnes stavkyrkje, med betre kontroll over besøkande sin tilgang til kyrkja og området som ein del av ei langsiktig forvalting av verdsarvverdiane, er ein heilt sentral del av funksjonen til det framtidige senteret.

Idé- og konseptskissa for Urnes verdsarvsenter byggjer på ei skildring av kva som møter dei som besøkjer Urnes stavkyrkje. Skildringa er skriven i ein forteljande stil med «Verda inn i tunet» som ein essens av situasjonen i fortid og notid og ein førande overbygnad for kommunikasjon, kunnskap, formidling og opplevingar. Historia formidlar òg viljen og ønsket om kva senteret skal bidra til som finst lokalt i Luster, på regionalt nivå og i Fortidsminneforeningen.

Vi legg òg vekt på korleis naturrikdomen og ressursane i lokalmiljøet kan vere med på å skape heilskaplege og mangfaldige publikumsopplevingar der fotavtrykket etter dei besøkande blir spreidd over fleire tilbod, med involverande refleksjon om korleis ein kan ta vare på kultur- og naturarven i samsvar med FN sine berekraftsmål.

«VERDA INN I TUNET»

Når ein kjem til bygda Ornes ein dag i turistsesongen på veg for å oppleve verdsarven i Urnes stavkyrkje, er rikdomen i det bratte fjordlandskapet det første ein møter. Rikdom i form av klima og jordsmonn som eignar seg for dyrking av frukt og bær, rike område der husdyr kan beite. Her er frukthagar og jorde, gardstun og gardsdrift. Kanskje møter du nokre av dei 35 innbyggjarane på Ornes som bur rundt verdsarven Urnes stavkyrkje.

I 2019 var meir enn 21 000 registrerte besøkande til verdsarvattraksjonen innom denne vesle grenda i det storslegne landskapet. Med bussar, bilar, bubilar, til fots og på sykkel kom dei – på den smale vegen, via snarvegar, gjennom tun der folk arbeider. Ornes møter den aukande turismen som ei lita og sårbar bygd som er usikker på kva framtida vil bringe. Verda møter Ornes med nyfikne og interesse – for den lokale kulturen og levesettet, for naturen som leveveg og livsgrunnlag, for det norske bidraget til den arkitektoniske verdsarven, Urnes stavkyrkje, som ligg der ho alltid har lege: i tunet.

Verda har alltid kome til Ornes. Dei rike stormennene som heldt til her i mellomalderen, tok med seg impulsar frå verda utanfor og bygde ei påkosta kyrkje på sin eigen gard. Denne kyrkja blei skriven inn på UNESCO si verdsarvliste som eit framifrå døme på tradisjonell skandinavisk trearkitektur, med treskurden som er ei eineståande kunstnarisk bragd, og kyrkja som er eit framifrå døme på korleis tre har blitt brukt for å uttrykkje formspråket frå den romanske steinarkitekturen.

Verda var komen til Ornes allereie før kyrkja blei reist i 1130. Fjorden batt bygda og verda saman. Kostelege ting kom langvegs frå til stavkyrkja i Luster. Ultramarinfargen i inventaret kom truleg Silkevegen, og Limoges-lysestakane frå Frankrike.

I dag kjem heile verda inn i tunet. Med eit verdsarvsenter ønskjer vi å møte besøkande slik Ornes møter dei – med naturen og naturgrunnlaget og eit levande jordbruk. Vi vil ønskje folk velkomne til å få kunnskap om og oppleve den sårbare økologien og landskapet, og menneska som har som leveveg å forvalte rikdomen i landskapet. Vi ønskjer å gjere hagebruk, jordbruk og tradisjonshandverk til ei oppleving som gjev meirkunnskap om kyrkja i bygda, kyrkja i landskapet, kyrkja og menneska.

Vi ønskjer å gje dei som kjem innsikt i og ei oppleving av kvalitetane og særpreget til området. Vi ønskjer at lokalsamfunnet si historie og eigenarten til bygda skal gje opplevingar til dei som kjem og kulturarvsnæring og stadutvikling til dei som bur her. På denne måten vil lokalhistoria og spor etter menneske sine levde liv på Ornes bidra til eit breitt utval opplevingar for publikum og gjere det mogleg å spreie turistane sitt avtrykk på ein berekraftig måte.

Det skal byggjast eit senter med fokus på berekraftig turisme der fotavtrykka blir spreidde gjennom ulike opplevings- og formidlingstilbod som byggjer på verdsarven, dei oppsluttande verdiane og bygda. Senteret skal bli det fysiske og digitale navet i møtet med verdsarven.

Urnes kan òg kome til verda i form av ei virtuell reiseoppleving der vi kan bruke moglegheitene som ligg i teknologien til å late folk oppleve Urnes som staden er i dag og som han var i før-reformatorisk tid. Her kan 3D- og VR-teknologien gjere det mogleg å gje historisk innsikt og djupn, levande framstillingar og spektakulære opplevingar av kyrkja i landskapet. Urnes kan kome til skular og gje elevar og lærarar innsikt og inspirasjon til å bli forvaltarar av idégrunnlaget og verdiane i UNESCO sin Konvensjonen for vern av verdas kultur- og naturarv. Medverknad og engasjement frå elevar kan bidra til å fornye formidling og aktivitetar – på Urnes og frå Urnes.

Senteret skal bidra til eit berekraftig og utviklande lokalsamfunn der landskapet sin eigenart og kulturhistoria til staden blir utdjupa og formidla som ei heilskapleg oppleving på lokalmiljøet sine vilkår. Det kan by på eit mangfald av informasjon, formidling og opplevingar både innandørs og utandørs der dei som kjem på besøk blir fordelte og leidde gjennom Ornes på ein måte som viser forståing for at folk lever og arbeider i den vesle grenda. Det skal bidra til ein betre kvardag for alle – for dei som besøkjer staden og dei som bur her, og for dei som ønskjer å slå seg ned. Det skal bidra til nye moglegheiter og framtidstru lokalt.

Senteret skal planleggjast i dette spennet mellom det berekraftige lokalsamfunnet og den internasjonale attraksjonen. I dette ligg det eit allment perspektiv som ikkje kjenner landegrenser. Vi har alle eit ansvar for å forvalte kulturarven i verda og ta vare på ressursane på jorda. Der vi bur og der vi ferdast. Vi kan alle gjere vårt for å bevare for framtida.

ARKITEKTKONKURRANSE OG PLANARBEID

Det var eit mål å kunne lyse ut ein arkitektkonkurranse for verdsarvsenteret i løpet av 2021, og dét let seg gjere etter at ein privat gjevar gav éin million kroner til dette føremålet og Luster kommune løyvde 700 000 kroner frå næringsfondet sitt. Ei annan viktig brikke på vegen mot verdsarvsenteret fall på plass då handsaminga av detaljreguleringsplanen for tomta der senteret skal byggjast, blei ferdig og planen blei politisk vedteken av Luster kommune i desember 2021.

Det blei lyst ut ein offentleg plan- og designkonkurranse for Urnes verdsarvsenter i midten av oktober 2021. Konkurransen blei lyst ut og blir gjennomført i samarbeid med Norske arkitekters landsforbund (NAL). Det var stor interesse for konkurransen. Det kom inn 124 bidrag, og resultatet av vart offentleggjort i mars 2022. Vinnaren vart "Urneskilen" av Lipinski Arkitekter/A.C.B/Tobias Laukenmann. 

Konkurransegrunnlaget blei til gjennom ein lang og grundig prosess med funksjonsskildringar og krav til alle område av bygget, i tillegg til ei inngåande vurdering av krav til utforminga av bygget i det sårbare kulturlandskapet på Ornes. I denne prosessen samarbeidde Fortidsminneforeininga med den lokale forprosjektgruppa for verdsarvsenteret, Norske arkitekters landsforbund og sivilarkitekt Kristin Bauck AS, som var innleigd av Fortidsminneforeininga for å gje fagleg hjelp med utforminga av konkurransegrunnlaget.

Medlemane av juryen var:

Juryleiar Margrethe C. Stang, førsteamanuensis ved NTNU, styreleiar i Fortidsminneforeningen, nestleiar i Verdsarvrådet i Luster 

Jurymedlem Erik Jondell, arkeolog, tidlegare museumsdirektør  

Jurymedlem Ola H. Fjeldheim, generalsekretær i Fortidsminneforeningen 

Jurymedlem Ivar Kvalen, ordførar i Luster kommune 

Jurymedlem Kjetil Trædal Thorsen, sivilarkitekt MNAL, oppnemnd av Norske arkitekters landsforbund (NAL)  

Jurymedlem Sondof Rabbe, sivilarkitekt MNAL, oppnemnd av Norske arkitekters landsforbund (NAL)  

Norske arkitekters landsforbund (NAL) ved Gisle Nataas fungerte som sekretær for juryen.  

UTSTILLINGAR

Utstillingsareala innandørs skal romme to ulike utstillingskonsept med ulike utstillingsdesign og innhald. Begge dei to utstillingane skal bidra til at besøk blir avvikla på ein logistisk god måte og gje rom for opplevingar, refleksjon og læring for individuelle besøkande, grupper og skuleklassar. Dei skal knytast saman med resten av publikumstilbodet til senteret for å gje ei heilskapleg oppleving.

«Urnes stavkyrkje – tre og tru gjennom tusen år». Tittelen peikar mot den overordna idéen «Verda inn i tunet» og knyter basisutstillinga om UNESCO sitt arbeid og verdsarven i Noreg saman med resten av innhaldet i senteret.

Utstillinga blir planlagd som ei visuell, sanseleg og utdjupande formidling av det som gjer Urnes stavkyrkje til verdsarv, med fokus på dei eineståande universelle verdiane (OUV-ane) som hadde mest å seie for at stavkyrkje blei ført opp på UNESCO si verdsarvliste. Utstillinga skal sjå mennesket, naturarven og kulturarven i samanheng gjennom kontrasterande utstillingsområde som blir kalla furu og gull, skogen og kyrkjerommet. Treskjerarmiljøet har blitt utfordra til å lage ein prosessuelt autentisk kopi av den berømte nordportalen på stavkyrkja, og portalkopien vil vere ein del av utstillinga.

Skogsrommet (furu) er planlagt som eit organisk og sanseleg rom med kopien av nordportalen som hovudobjekt og natur, ro, skog og tre som assosiasjonar. Portalkopien skal vere eit sanseobjekt som fysisk blir opplevd som ein overgang eller gjennomgang – som ei grensesone mellom ulike verder.

Kyrkjerommet (gull) speglar dei fargesterke kyrkjeromma i mellomalderen, forgyllinga og lyset – og har originale gjenstandar frå kyrkja som sentrale element. Gjenstandane skal spele ei hovudrolle som «forteljarstemme» der dei blir sette inn i ein heilskap og samanheng, til dømes gjennom digital rekonstruksjon.

"Vår verdensarv". Utstillingskonseptet er laga for alle dei norske verdsarvstadene og handlar om UNESCO som organisasjon, verdsarven som idé og nasjonale og internasjonale verdsarvstader. Konseptet blei utvikla av danske Kvorning Kommunikasjon og Utstillingsdesign på oppdrag frå Norges Verdensarv, og det blir kalla Basisutstilling for verdsarvsentera. Utstillinga består av ein film om verdsarvstaden, ei interaktiv innandørs utstilling og ein fysisk utandørsinstallasjon.

«Urneshagen». Eit utandørs formidlings- og opplevingsområde knytt til ei eplehage på senteret si tomt med fokus på berekraftig forvalting av naturressursar og FN sine berekraftsmål. Utgangspunktet er det nære på Ornes, med naturen og kulturlandskapet som kjelde til opplevingar og kunnskap. Alt ligg vel til rette for å formidle sentrale berekraftstema som artsmangfald, kulturlandskap og matproduksjon.