UTSTILLINGAR

UTSTILLINGAR

Utstillingsareala innandørs skal romme to ulike utstillingskonsept med ulike utstillingsdesign og innhald. Begge dei to utstillingane skal bidra til at besøk blir avvikla på ein logistisk god måte og gje rom for opplevingar, refleksjon og læring for individuelle besøkande, grupper og skuleklassar. Dei skal knytast saman med resten av publikumstilbodet til senteret for å gje ei heilskapleg oppleving.

 

«Urnes stavkyrkje – tre og tru gjennom tusen år». Tittelen peikar mot den overordna idéen «Verda inn i tunet» og knyter basisutstillinga om UNESCO sitt arbeid og verdsarven i Noreg saman med resten av innhaldet i senteret.

Utstillinga blir planlagd som ei visuell, sanseleg og utdjupande formidling av det som gjer Urnes stavkyrkje til verdsarv, med fokus på dei eineståande universelle verdiane (OUV-ane) som hadde mest å seie for at stavkyrkje blei ført opp på UNESCO si verdsarvliste. Utstillinga skal sjå mennesket, naturarven og kulturarven i samanheng gjennom kontrasterande utstillingsområde som blir kalla furu og gull, skogen og kyrkjerommet. Treskjerarmiljøet har blitt utfordra til å lage ein prosessuelt autentisk kopi av den berømte nordportalen på stavkyrkja, og portalkopien vil vere ein del av utstillinga.

 

Skogsrommet (furu) er planlagt som eit organisk og sanseleg rom med kopien av nordportalen som hovudobjekt og natur, ro, skog og tre som assosiasjonar. Portalkopien skal vere eit sanseobjekt som fysisk blir opplevd som ein overgang eller gjennomgang – som ei grensesone mellom ulike verder.

 

Kyrkjerommet (gull) speglar dei fargesterke kyrkjeromma i mellomalderen, forgyllinga og lyset – og har originale gjenstandar frå kyrkja som sentrale element. Gjenstandane skal spele ei hovudrolle som «forteljarstemme» der dei blir sette inn i ein heilskap og samanheng, til dømes gjennom digital rekonstruksjon.

 

Basisutstilling verdsarv. Utstillingskonseptet er laga for alle dei norske verdsarvstadene og handlar om UNESCO som organisasjon, verdsarven som idé og nasjonale og internasjonale verdsarvstader. Konseptet blei utvikla av danske Kvorning Kommunikasjon og Utstillingsdesign på oppdrag frå Norges Verdensarv, og det blir kalla Basisutstilling for verdsarvsentera. Utstillinga består av ein film om verdsarvstaden, ei interaktiv innandørs utstilling og ein fysisk utandørsinstallasjon. Utstillinga blir tilpassa dei ulike verdsarvsentera. 

 

«Urneshagen». Eit utandørs formidlings- og opplevingsområde knytt til ei eplehage på senteret si tomt med fokus på berekraftig forvalting av naturressursar og FN sine berekraftsmål. Utgangspunktet er det nære på Ornes, med naturen og kulturlandskapet som kjelde til opplevingar og kunnskap. Alt ligg vel til rette for å formidle sentrale berekraftstema som artsmangfald, kulturlandskap og matproduksjon.