BESØK URNES

Folk frå heile verda finn vegen til Urnes stavkyrkje, og mange kjem på grunn av UNESCO-statusen som verdsarvstad. Alle som løyser billett, får ei omvising i kyrkja. Omvisinga inkluderer òg formidling utandørs ved den berømte nordportalen.

OPNINGSTIDER

Urnes stavkyrkje er open for besøk i perioden 02.05.– 30.09 mellom 10.30 og 17.45 kvar måndag, tysdag, onsdag, torsdag, fredag, laurdag og søndag (stengd 17. mai)

TILBOD TIL DEI MINSTE BESØKANDE

Alle born som kjem til Urnes, får utdelt heftet «Urnesløva og flaggermusa med supervernkrefter» saman med ei fingerdukke av Fortimus – Fortidsminneforeininga sin barnemaskot som har sitt opphav nettopp i Urnes stavkyrkje.

TALET PÅ BESØKANDE

Stavkyrkja har rundt 20 000 betalande besøkande i løpet av sesongen. Om lag 70 % er utanlandske turistar, og informasjonsmateriell om kyrkja ligg føre på tretten språk. Vi reknar med at om lag like mange besøkjer området og opplever kyrkja i landskapet utan å løyse billett for å kome inn. Vi er opptekne av ei berekraftig besøksforvalting som tek omsyn til stavkyrkja og området sine tolegrenser. Difor vil det gradvis bli utvikla fleire formidlingstilbod og aktivitetar for dei besøkande.

KONTAKTINFORMASJON

Ingebjørg Njøs Storvik.
Dagleg leiar
ingebjorg.storvik@fortidsminneforeningen.no
Tlf.: 413 94 821

Sjå meir publikumsinformasjon om Urnes stavkyrkje.