VERDSARVRÅDET FOR URNES STAVKYRKJE OG TILHØYRANDE OMRÅDE
Rådet seier i vedtektene at dei skal syte for godt samarbeid om oppfølginga av verdsarvstatusen som er i samsvar med:
- Innskrivingsteksten
- Intensjonane for verdsarvkonvensjonen
- Retningslinjene for verdsarvkonvensjonen
- Forvaltingsplanane for verdsarvminnet og tilhøyrande område
Verdsarvrådet skal støtte opp om ei positiv utvikling i tilhøyrande område til verdsarvminnet Urnes stavkyrkje som er i samsvar med intensjonen for verdsarv.
Verdsarvrådet skal arbeide med å løfte opp felles saker som gjeld både verdsarvminnet og områda omkring til aktuelle departement og andre samarbeidspartar.
Verdsarvrådet har som målsetjing å vere ein viktig arena for diskusjon, rådgjeving og avklaring i saker som kan ha verknad for oppfølginga av verdsarvstatusen som er tildelt Urnes stavkyrkje. Vidare skal rådet arbeide for ei positiv utvikling av omgjevnadene rundt Urnes stavkyrkje i tråd med intensjonane i innskrivinga, verdsarvkonvensjonen og Den europeiske landskapskonvensjonen.
Verdsarvrådet skal arbeide for å få etablert eit verdsarvsenter, lokalisert på Ornes. Fortidsminneforeininga skal realisere og drifte senteret. Innhaldet i og utviklinga av senteret blir fastsett i samarbeid med verdsarvrådet.
RÅDET SKAL HA DESSE MEDLEMMENE:
- Ordførar/varaordførar i Luster kommune – leiar i rådet
- Eitt medlem i Luster kommunestyre
- Fylkesordførar/varaordførar i Vestland fylkeskommune
- Fortidsminneforeininga – hovudadministrasjonen – nestleiar i rådet
- Representant for samarbeidsgruppa for grendelaget på Sørsida
- Representant for bygdelaget i Solvorn
- Fortidsminneforeininga, Sogn og Fjordane-avdelinga
Desse blei inviterte til å vere observatørar i rådet:
- Leiaren i Luster kyrkjelege fellesråd
- Musea i Sogn og Fjordane/Sogn Folkemuseum DHS
- Éin representant frå Riksantikvaren
- Éin representant frå Vestland fylkeskommune
- Éin representant frå Klima- og miljødepartementet
Observatørane har møte og talerett, men ikkje røysterett.
FORPROSJEKTGRUPPE FOR VERDSARVSENTERET
Det er etablert ei lokal forprosjektgruppe for verdsarvsenteret etter mandat frå verdsarvrådet. Generalsekretær i Fortidsminneforeininga, Ola H. Fjeldheim, leier gruppa. I denne gruppa sit representantar for Luster kommune, Vestland fylkeskommune, Bygdelaget på Sørsida, styret i Fortidsminneforeininga si Sogn og Fjordane-avdeling, dagleg leder ved Urnes stavkyrkje/verdsarvsenter og verdsarvkoordinatoren (som fungerer som sekretær for gruppa).
Forprosjektgruppa sitt mandat er å:
- avklare formidlingskonsept og romprogram
- avklare om senteret skal etablerast i eit eksisterande bygg eller nybygg
- kome med framlegg til plassering av senteret med tanke på landskaps- og trafikkanalyse
- greie ut investeringsbehov og kome med framlegg til finansiering
- vurdere kva reguleringstiltak som trengst i samarbeid med Luster kommune
VERDSARVKOORDINATOR
I 2016 blei det oppretta ei fulltidsstilling som verdsarvkoordinator. Verdsarvkoordinatoren fungerer som sekretær for verdsarvrådet og har, saman med ei lokal arbeidsgruppe, ansvaret for å følgje opp og koordinere handlingsplanen, avgjerdene og prosjekta til rådet. Luster kommune har arbeidsgjevaransvaret for stillinga, som er finansiert av statlege tilskot gjennom Riksantikvaren.
Kontaktinformasjon:
Verdsarvkoordinator Anna Karoline Grytten Andersson
karoline. grytten@luster.kommune.no
Tlf: 90665882
SKJØTSELSSTILLING
Ein satsning på skjøtsel av kulturlandskapet rundt stavkirka har brakt med seg ein stilling som tek hånd om skjøtselsarbeide og som bidreg inn i Urneshage-prosjektet.
Kontaktinformasjon:
Morten Stensland Løwe morten.stensland.lowe@luster.kommune.no