FORTIDSMINNEFOREININGA – VERDAS ELDSTE KULTURVERNORGANISASJON
Her kan du lese om føremålet og arbeidet til Fortidsminneforeininga og om korleis foreininga organiserer og leier prosessen mot eit verdsarvsenter på Urnes.
Her kan du lese om føremålet og arbeidet til Fortidsminneforeininga og om korleis foreininga organiserer og leier prosessen mot eit verdsarvsenter på Urnes.
Fortidsminneforeininga er ein frivillig kulturvernorganisasjon som sidan 1844 har arbeidd for å bevare dei verdfulle kulturminna i landet og skape allmenn forståing for verdien deira.
Dette er historia om nasjonsbygginga etter 1814 og om korleis foreininga sikra og berga eigedomar som var sentrale i historia om Noreg og representerte verdfull norsk byggjekunst. Visjonen bak det museumsretta arbeidet vårt er mennesket sin rett til kulturarven som verdiskapar for individ og samfunn – no og i framtida.
Foreininga fekk sin første eigedom, Tautra klosterruin, i 1846. I dag eig foreininga meir enn 40 kulturhistoriske eigedomar over store delar av landet og den største samlinga av eigedomar frå mellomalderen, med åtte stavkyrkjer og elleve andre mellomalderbygningar. Foreininga har ei unik samling eigedomar som står på den opphavlege plassen, fortel ei nasjonal historie med sterk lokal tilknyting og, ikkje minst, historia om aktivisme og dei engasjerte menneska som kjempa for å bevare dei.
Som medlem i foreininga blir du medeigar i desse kulturminna og får moglegheita til å engasjere deg i frivillig arbeid med både bevaring og formidling – og til å finne eit sosialt og fagleg spanande fellesskap av menneske med hjarte for bygningsarven.
Fortidsminneforeininga sentralt eig dei kulturhistoriske eigedomane, medan museums- og eigedomsavdelinga i hovudadministrasjonen har det overordna faglege ansvaret for museumsdrifta.
Det er Fortidsminneforeininga sine fylkes- og lokallag og styra deira som står for forvaltinga og besøksdrifta av dei fleste eigedomane, og lokal forankring, engasjement og frivillig innsats er viktige fundament for dette arbeidet.
Fylkes- og lokallaga er sjølvstendige juridiske einingar med eigne styre. Etter ei forvaltingsavtale har dei ansvaret for forvaltinga og besøksdrifta ved eigedomar i sitt geografiske område og arbeidsgjevaransvar for tilsette ved eigedomane. Dei største avdelingane har ein tilsett dagleg leiar.
Lokal forankring. Etter same modellen blir Urnes stavkyrkje og verdsarvsenter drive som ei eining under Sogn og Fjordane-avdelinga av Fortidsminneforeininga. Urnes verdsarvsenter – med stavkyrkja og det framtidige senteret – fekk frå 1. april 2019 ein dagleg leiar som er fulltidstilsett i Sogn og Fjordane-avdelinga. Denne stillinga er ein del av satsinga som autorisert verdsarvsenter.
Byggherre og prosjektleiing. Fortidsminneforeininga sentralt vil stå som byggherre, prosjektleiar og eigar av verdsarvsenter-bygget.
Museums- og eigedomsavdelinga i Fortidsminneforeininga har det overordna faglege ansvaret i utviklingsprosessen og leier prosjekt som utstillingsplanlegging og tilverkinga av ein prosessuelt autentisk kopi av den ikoniske nordportalen på stavkyrkja.
Innhaldet og publikumstilbodet utviklar Fortidsminneforeininga sine sentrale og lokale ressursar i fellesskap med lokale og regionale ressurspersonar og grupper.
Museumssatsinga til Fortidsminneforeininga. Urnes Verdsarvsenter er ein del av museumssatsinga til Fortidsminneforeininga, definert i foreininga sin museumsstrategi for perioden 2018–2023. Måla og tiltaka i strategiplanen er bygde rundt områda forvalting, forsking, formidling og fornying – òg kalla dei fire f-ane – som faglege innsatsområde for arbeidet til norske museum. Ut frå Fortidsminneforeininga sin eigenart som frivillig kulturvernorganisasjon har vi lagt til frivillig innsats og lokal forankring som førande for museet sitt arbeid.
Trude Knutzen Knagenhjelm.
Styreleiar i Fortidsminneforeininga.
Nestleiar i Verdsarvrådet. Medlem av prosjektgruppa for "Urneshagen".
Ola H. Fjeldheim.
Generalsekretær Fortidsminneforeininga.
Leiar av forprosjektgruppa for verdsarvsenteret og hovudansvarleg for bygg- og planprosessen. Observatør i Verdsarvrådet. ola@fortidsminneforeningen.no
Henrik Nesheim.
Økonomi og administrasjonssjef
Fortidsminneforeininga sin hovudadministrasjon. Prosjektleiar realisering av verdsarvsenter. henrik@fortidsminneforeningen.no
Ingebjørg Njøs Storvik.
Dagleg leder, Urnes stavkyrkje og verdsarvsenter.
Fortidsminneforeningen sin hovudadministrasjon. Medlem av forprosjektgruppa for verdsarvsenteret. Medlem av prosjektgruppa for utstillingsplanlegging og "Urneshagen". ingebjorg.storvik@fortidsminneforeningen.no
Merete Winnes.
Leiar for museums- og eigedomsavdelinga.
Fortidsminneforeningen sin hovudadministrasjon. Ansvar for tryggleik og beredskap. Medlem av prosjektgruppa for utstillingsplanlegging. merete@fortidsminneforeningen.no
Astrid Galstad.
Rådgjevar, formidling og publikumsutvikling.
Fortidsminneforeininga sin hovudadministrasjon. Saksansvarleg for autorisasjonssøknaden. Ansvarleg for barnekonseptet Fortimus. Leiar av prosjektgruppa for utstillingsplanlegging og "Urneshagen". astrid@fortidsminneforeningen.no
Linn Willetts Borgen.
Rådgjevar, forsking og fagutvikling.
Fortidsminneforeininga sin hovudadministrasjon. Ansvarleg for FOU-arbeid. Prosjektleiar for «Treets mester» – kopien av nordportalen. Fagansvarleg for utstillingsplanlegging. linn@fortidsminneforeningen.no
Bo Alexander Granbo.
Myndighetskontakt. Fortidsminneforeininga sin hovudadministrasjon. bo@fortidsminneforeningen.no