Rapport frå Løvebakken!
Fortidsminneforeininga har vore på Stortinget for å snakke om Urnes og andre saker.
Fortidsminneforeininga har vore på Stortinget for å snakke om Urnes og andre saker.
Publisert 24. oktober 2023
Mandag 23. oktober deltok Fortidsminneforeininga i høring om statsbudsjettet for 2024 på Stortinget. Vi hadde berre tre minutter, men vi brukte likevel noen sekunder til å uttrykke stor glede på vegne av Sogn, Luster, lokalbefolkningen på Ornes og alle i Fortidsminneforeningen for at det blir løyva 5 millioner kroner til det planlagte verdsarvsenteret for Urnes stavkirke!
Resten av tida, heile 2 minutt og 45 sekund, tala generalsekretær Ola H. Fjeldheim kulturminnenes sak i all sin bredde:
Kulturminnevern er godt klima- og miljøvern. Det beste tiltaket vi kan gjere med bygninger er å fortsette å bruke flest mulig av dei eldre bygga, og å oppgradere dei med små og mellomstore tiltak slik at dei bruk mindre energi. Rådgjevinga til huseiere og håndverkere er viktig!
I høringa foreslo vi konkret å:
- løyve 2 millioner kroner per fylke til å etablere bygningsvernsentre.
- auke løyvingane til Kulturminnefondet til totalt 150 millioner kroner, samt gi fondet ytterlegare 10 millioner kroner til ein eigen ordning for varsom klimatilpassing.
Fortidsminneforeninga nytta også høvet til å minne komiteen om ein tidlegare utredning om å innføre økonomiske incentiv for kulturminner, i form av fritak frå skattar og avgifter.
«Finansdepartementet har plassert denne saka ‘på tørkeloftet’. Vi ber komiteen minne om bestillingen og be om handling», sier Fjeldheim.
Kirkebevaringsfondet er nå vedteke, ein stor siger for alle som har jobba for dette. Ikkje minst for Fortidsminneforeininga, som har hatt dette «på lista» i over 20 år.
Vi understreka at det er av stor verd at ein halder ved like dei eksisterande løyvingane til istandsetting også i 2024, mens Kirkefondet blir oppretta og organisasjonen omkring det bygges opp. Om ikkje vil mange gode prosjekt stoppe allereie neste år. Det same gjeld opplæringa av handverkarar som allereie er i gong.
Onsdag 25. oktober er Fortidsminneforeningen attende på Stortinget: Då vil styreleder Trude Knutzen Knagenhjelm tale i tre minutt i nærings- og energikomiteen.