Ny eksternkoordinator på Urnes
- Urnes verdsarvsenter treng privatgiver, seierkoordinator Peter Hatlebakk.
- Urnes verdsarvsenter treng privatgiver, seierkoordinator Peter Hatlebakk.
Peter Hatlebakk har vorte ansatt som eksternkoordinator for Urnes Verdsarvsenter siden 1. september. Hatlebakk vil arbeide med den private delfinansieringa til senteret.
- Løyvingane over statsbudsjettet og frå andre offentlege styresmakter er gode nyhende. Men for å komme i havn, treng Verdsarvsenteret private meséner, seier Hatlebakk.
Hatlebakk sin arbeidsgjevar er Fortidsminneforeininga. Luster kommune har løyvd midlar til arbeidet med å skaffe private gåver til senteret.
- Budsjettet for senteret krev 14 millioner i private tilskot. Det er ein viktig og stor del av senteret, seier Hatlebakk
Hatlebakk har bakgrunn som phd-stipendiat i historie ved Universitetet i Bergen, og har vore aktivt medlem av Fortidsminneforeningen i mange år. Hatlebakk var politisk rådgjevar til byutviklingsbyråden i Bergen frå 2015-8, og har brei erfaring i arbeid med samferdsel, stadsutvikling og kulturminnevern.