Her er alle konkurransebidraga for Urnes verdsarvsenter

I oktober 2021 vart det lyst ut ein offentleg plan- og designkonkurranse for Urnes verdsarvsenter. Arkitektkonkurransen blir gjennomført i samarbeid med Norske arkitekters landsforbund (NAL). Interessa for konkurransen har vore stor; 124 bidrag er med, og juryen er godt i gang med arbeidet. Vinnaren blir offentleggjord i mars 2022, men allereie no kan du studera alle forslaga til nytt besøkssenter for verdsarven Urnes stavkyrkje som skal byggast i den vesle bygda Ornes ved Lustrafjorden. Finn du ein favoritt?

Sjå alle dei 124 bidraga her

Konkurransegrunnlaget vart til gjennom ein lang og grundig prosess med funksjonsskildringar og krav til alle område av bygget, i tillegg til ei inngåande vurdering av krav til utforminga av bygget i det sårbare kulturlandskapet på Ornes. 

 

Bilde av Urnes stavkirke på forsiden av konkurransereglene
Konkurranseprogram