TRESKJERARE I ARBEID PÅ URNES I SOMMAR

MØT TRESKJERARE FRÅ TREETS MEISTER-PROSJEKTET

TREETS MEISTER: Urnesportalen frå kring 1070 er eit ikonisk kunstverk med treskjeringar av høgaste kvalitet. No har Fortidsminneforeininga samla nokre av dei beste treskjerarane i Noreg for å lage ein kopi til det kommande verdsarvsenteret på Ornes. Prosjektet skal samstundes gi ny kunnskap om portalen og mellomalderens handverk. I tre veker i sommar vil det vere verkstad på Urnes. 

Treskjerare frå prosjektet vil arbeide på Urnes og ha ein utomhus verkstad i nærleiken av stavkyrkja. Kaj Johansen og Mona H. Sand fra Auskin Kreative senter i Verdal er erfarne treskjerare og har arbeid med historisk treskjering sidan 1997. Deira spesialområde er viktigtid og tidleg mellomalder.

Møt dei på Urnes i sommar: Dei er til stades frå 19. juli til 8. august.

Ønskjer du å støtte prosjektet? Bruk vippsnummer 695631 og merk donasjonen med «Urnesportalen»