Noreg har åtte stader på UNESCO si liste over verda sin kultur- og naturarv. Urnes stavkyrkje var, saman med Bryggen i Bergen, det første norske kulturminnet som fekk plass på denne berømte lista. Det hende i 1979.
Noreg har åtte stader på UNESCO si liste over verda sin kultur- og naturarv. Urnes stavkyrkje var, saman med Bryggen i Bergen, det første norske kulturminnet som fekk plass på denne berømte lista. Det hende i 1979.
Meir enn 1000 stader er skrivne inn på UNESCO si verdsarvliste, som inneheld både kulturminne og naturområde. Urnes stavkyrkje står saman med andre av dei mest verdfulle kulturminna i verda, til dømes Akropolis i Athen, pyramidane i Egypt, Taj Mahal i India, Venezia i Italia og oldtidsbyen Petra i Jordan. Urnes er ein verdig representant for stavkyrkjetradisjonen og eit verdfullt bidrag til verda sin arkitekturarv.
Stavkyrkjene er ein av dei mest avanserte typane trekonstruksjonar som var vanlege i Nord-Europa frå steinalderen til mellomalderen. Urnes representerer dei få stavkyrkjene som er bevarte. Det finst 28 bevarte stavkyrkjer i Noreg. Urnes blei bygd rundt 1130, men har bygningsdelar med utsøkt treskurd som stammar frå ei tidlegare kyrkje på staden. Den berømte nordportalen med treskurd i det som er kjent som Urnes-stilen, er datert 1070.
Kyrkja var ein gong ei privat kyrkje for ei mektig stormannsætt på Urnes, og dei som bygde ho, har hatt kjennskap til dei internasjonale straumdraga i arkitekturen og overført dei frå stein til tre. Kyrkja er uvanleg rikt utsmykka innvendig.
Her er dekorative og skulpturelle treelement av eineståande høg kvalitet der keltiske, norrøne og romanske tradisjonar smeltar saman. Kyrkjegarden og muren rundt er òg ein del av verdsarven. (Kjelde: Riksantikvaren)
ICOMOS (International Council on Monuments and Sites) gav denne grunngjevinga då Urnes stavkyrkje blei skriven inn på lista over verda sin kulturarv i 1979:
«Stavkirkene er av de mest kunstferdige og teknologisk utviklede trekonstruksjoner som eksisterte i det nordvestlige Europa i middelalderen. Kirkene var bygget som klassiske basilikaer, men gjennomført i tre. Takrammene var dekket med bord, og taket var tekket med spon, i tråd med utbredt byggeskikk i de skandinaviske landene. Blant de ca. 1300 middelalderkirkene som er registrert er 28 bevart i Norge i dag. Urnes er en av de eldste, og en fremragende representant for stavkirkene. Kirken uttrykker formspråket og de romlige strukturene fra romansk steinarkitektur i tre, karakterisert ved bruken av runde søyler med terningkapiteler og rundbuer. Treskurd og utskåret dekorasjon av utsøkt kvalitet på utsiden omfatter paneler med båndornamentikk og elementer fra vikingtidens stilarter fra den forrige bygningen (1000-tallet), som utgjør opphavet til ‘Urnes-stilen’, som også fins i andre deler av Skandinavia og Nordvest-Europa. Denne treskurden befinner seg på nordveggen, der det er en utskjæring av sammenslyngede dyr i kamp. Lignende utskjæringer dekker gavlfeltene i skipet i vest og i koret i øst. Inne i kirken fins det en usedvanlig rekke med kapiteler med utskårne figurer fra 1100-tallet. Treskurden er viktig både som fremragende kunstgjenstander og som et forbindelsesledd mellom førkristen nordisk kultur og middelalderens kristendom. Kirken inneholder også rikelig med liturgiske gjenstander fra middelalderen.»
Grunnlaget for at Urnes stavkyrkje blei innskriven på UNESCO si verdsarvliste er basert på eineståande universelle verdiar, som går under nemninga Outstanding Universal Value (OUV), innanfor tre kategoriar av kriterium med denne grunngjevinga (Retrospective Statement of Outstanding Universal Value):
Kriterium (i): represent a unique artistic or aesthetic achievement, a masterpiece of the creative genius; (1978)
The outstanding quality of the carved décor of Urnes is a unique artistic achievement. The wood carving on the outside includes strap-work panels and elements of Viking tradition from the previous building (11th century) which constitute the origin of the "Urnes style”. These carvings are found on the northern wall with a carved decoration of interlaced, fighting animals. Similar carvings cover the western gable triangle of the nave and the eastern gable of the choir. In the interior of the church there is an extraordinary series of 12th century figurative capitals. Furthermore the church contains a wealth of liturgical objects of the medieval period.
Kriterium (ii): have exerted considerable influence, over a span of time or within a cultural area of the world, on developments in architecture, monumental sculpture, garden and landscape design, related arts, town-planning or human settlements;
The stave churches are considered the most interesting, highly developed wooden buildings in the Western European cultural sphere during the Middle Ages. They continue a tradition of wooden architecture, at one time common to large parts of Europe but lost today except for the buildings preserved in Norway. Urnes is one of the oldest of the Norwegian stave churches and the one that shows the best craftsmanship. Also it reveals the development from earlier techniques, and thus contributes to the understanding of the development of the specific tradition.
Kriterium (iii):be unique, extremely rare, or of great antiquity;
The stave churches constitute one of the most elaborate types of wood construction which are typical of northern Europe from the Neolithic period to the Middle Ages. Among the roughly 1,300 medieval stave churches indexed, 28 remain in Norway.
This outstanding series of wood buildings includes different types and sizes. Urnes is medium-sized. It is rare for the extent of reuse of elements originating from a stave church built about one century earlier whose location was revealed by the 1956-1957 excavations. From its predecessor both decorative and some constructive elements are reused.
Urnes Stave Church is of great antiquity as a wooden building. The outside décor from the older church is preserved in an amazing state of conservation after exposure to all kinds of weather for nearly one thousand years.
UNESCO er FN sin organisasjon for utdanning, vitskap, kultur og kommunikasjon. UNESCO blei etablert i 1945 med eit mandat om å bidra til fred og tryggleik gjennom samarbeid mellom nasjonar. Organisasjonen blei etablert i trua på at varig fred ikkje berre blir skapt gjennom avtaler og politikk, men gjennom menneskesinn og internasjonal solidaritet. UNESCO seier dette om rolla si i dag:
«UNESCO's founding vision was born in response to a world war that was marked by racist and anti-Semitic violence. Seventy years on and many liberation struggles later, UNESCO’s mandate is as relevant as ever. Cultural diversity is under attack and new forms of intolerance, rejection of scientific facts and threats to freedom of expression challenge peace and human rights. In response, UNESCO's duty remains to reaffirm the humanist missions of education, science and culture.» (Kjelde: unesco.org)
UNESCO har mange oppgåver innanfor utdanning, vitskap, kultur og kommunikasjon, men dei som er lista opp under, blir dregne fram som prioriterte. (Kjelde: UNESCO Norge)
Utdanning for alle
Hovudprioriteten til UNESCO er å bidra til at alle born får tilgang til utdanning av høg kvalitet. Utdanning er ein menneskerett og eit vilkår for menneskeleg utvikling.
Vern av kulturarv
Å byggje tverrkulturell forståing gjennom å verne kulturarven og fremje kulturelt mangfald er prioriterte oppgåver for UNESCO.
Vitskapleg samarbeid
UNESCO arbeider aktivt for å fremje vitskapleg samarbeid, til dømes om varslingssystem for tsunamiar og vassforvalting på tvers av landegrenser.
Ytringsfridom
Ytringsfridom er eit vilkår for demokrati, utvikling og menneske si verdigheit. Det er ei av kjerneoppgåvene til UNESCO å fremje presse- og ytringsfridom.
Ansvaret for dei ulike områda som UNESCO arbeider innanfor, er fordelt mellom fleire departement. Klima- og miljødepartementet har ansvaret for å følgje opp verdsarvområdet. Medan departementa har ansvaret for den offisielle norske UNESCO-politikken, fungerer Den norske UNESCO-kommisjonen som eit bindeledd mellom sivilsamfunnet og dei norske styresmaktene.